tirsdag 31. januar 2012

Slå det fast: nynorsk er jamstelt skriftmål

Liv Ingebrigtsen meiner regjeringa må slå fast at nynorsken er jamstelt med bokmål
Regjeringa må slå fast at nynorsk er og skal vera jamstelt offisielt skriftmål og at nynorsk framleis skal ha eigen karakter og eigen eksamen for å sikra dette. Eigen eksamen og karakter har sikra nynorsken sidan 1907. Like lenge har Riksmålsforbundet og høgresida arbeidt for å få nynorsken ut or skulen og vekk, men har aldri lukkast med det.
No ligg det føre plan frå Utdanningsdirektoratet om redusert norskfag, som skal ut på høyring i eit år. Eit punkt i denne planen er at det  ikkje lenger skal vera eigen karakter i nynorsk.  Av di nynorsk er overordna politisk sak har aldri noko offisielt framlegg om norskfaget  hatt dette innhaldet. Det nye framlegget handlar om meir enn skule og er snikåtak på retten alle har til å læra norsk i dei formene som gjeld i landet. Blir det sett i verk, får det drastiske verknader for språktilstand og språklege rettar både for språklege fleirtal og mindretal. Regjeringa må slå fast at nynorsk skal vera offisielt jamstelt skriftmål og difor fag i skulen med eigen karakter og eksamen.
Liv Ingebrigtsen, leiar Nynorsklaget

1 kommentar:

  1. Andre har også plukka Kristin Halvorsen frå kvarandre i sin argumentasjon i denne saka: http://purisme.blogspot.com/2012/01/kristin-halvorsen-som-den-nye-kristin.html

    SvarSlett