Nynorsklaget har hatt eit auge med Utdanningsdirektoratet si handtering av forsøk med fritak frå sidemål i bokmålsskolar. Vi har sett eit mønster gjennom mange år, der direktoratet og departementet har nytte seg av forsøksordningar for å bane veg for dei tiltaka Kristin Clemet og namnesøster Halvorsen har proklamert i media. Her finn du rapporten vi publiserte i 2009 om korleis ein nytta forsøka som brekkstang for fritak for nynorsk som sidemålet. Kreativiteten kjenner ingen grenser, men målet har dei hatt felles Kristin og Kristin.
Kongsbakken videregående skole er en av skolene i Tromsø som har fått dispensasjon til å prøve ut Clemets/Halvorsens forslag om å justere ned krava til skriftleg nynorskopplæring. "Forsøka" der skulle brukast som grunnlag for politikken til departementet/direktoratet, som ikkje har fått noko av det evaluert på forsvarleg vis. Her finn du Kongsbakkens versjon av det dei held på med
tirsdag 31. januar 2012
Slå det fast: nynorsk er jamstelt skriftmål
Liv Ingebrigtsen meiner regjeringa må slå fast at nynorsken er jamstelt med bokmål |
No ligg det føre plan frå Utdanningsdirektoratet om redusert norskfag, som skal ut på høyring i eit år. Eit punkt i denne planen er at det ikkje lenger skal vera eigen karakter i nynorsk. Av di nynorsk er overordna politisk sak har aldri noko offisielt framlegg om norskfaget hatt dette innhaldet. Det nye framlegget handlar om meir enn skule og er snikåtak på retten alle har til å læra norsk i dei formene som gjeld i landet. Blir det sett i verk, får det drastiske verknader for språktilstand og språklege rettar både for språklege fleirtal og mindretal. Regjeringa må slå fast at nynorsk skal vera offisielt jamstelt skriftmål og difor fag i skulen med eigen karakter og eksamen.
Liv Ingebrigtsen, leiar Nynorsklaget
Abonner på:
Innlegg (Atom)