tirsdag 6. september 2011

Norskforsøk på Kongsbakken svekkar nynorsken

http://www.itromso.no/nyheter/article419581.ece

Utdanningsdirektoratet sin forsøksverksemd

Utdanningsdirektoratet har gitt løyve til forsøk med fritak frå karakterar i nynorsk i den vidaregåande skolen.
Desse skolane har fått slikt fritak:
Rogaland:
1.       Sandnes videregående skole (søknad)
2.       St. Olav videregående skole (søknad)
3.       Vardafjell videregående skole (søknad)
4.       Hetland videregående skole (søknad)
5.       Bryne videregående skole (søknad)
Østfold:
1.       St. Olav videregående skole (søknad)
2.       Fredrik II videregående skole (søknad)
Oslo kommune:
1.       Ullern videregående skole (søknad)
Felles vedtaksbrev for Rogaland Oslo Østfold

Troms:
2.       Kongsbakken videregående skole (vidareføring av forsøk) (søknad + svaret frå Utdanningsdirektoratet)
Trøndelagsfylka:
3.       To søknader. (søknadane er ikkje ferdigbehandla så det er ikkje noko vedtak  i saka)
Akershus fylkeskommune:
4.       Søknad + Vedtak
I grunngjevingane bak søknadene er det mellom anna gitt anti-nynorskpolitiske grunngjevingar: Mellom anna heiter det i søknaden til skolane i Akershus:
"Bakgrunnen for søknaden er et innbyggerinitiativ fra Unge Høyre i Akershus. Utgangspunktet til
Unge Høyre var at sidemål (nynorsk) skulle gjøres valgfritt i videregående skole. Saken ble
fremmet i både hovedutvalg for utdanning og fylkestinget, og i vedtaket pålegges fylkesrådmannen
å søke om forsøk knyttet til vurdering i sidemål."

Leiar i Nynorsklaget meiner Utdanningsdirektoratet driv språkpolitikk mot nynorsk
Dette er berre ei stadfesting av kva Nynorsklaget har meint heile tida. Utspela om karakterreduskjonar er målpolitisk grunngjeve.

Norskfaget- karakterfast?

av Liv Ingebrigtsen

Brita Bøyum Bergen forsøker å overbevise lesarar av Dag og Tid om at kvalitet i norskfaget oppnåes ved å redusere talet på karakterar i faget i Vidaregåande skole VG 1 og VG 2. Grunngjevinga er at Kunnskapsløftet har så mange nye element som læraren skal gå gjennom at vurdering i skriftlig og munnleg er blitt for vanskelig og tidkrevjande for læraren.


Nynorsklaget har heile tida vore skeptisk til forsøka med ein felleskarakter fordi eigen karakter nynorsk kan sikre at opplæring blir gitt.
Pr i dag har Utdanningsdirektoratet etter direkte bestilling frå SV s Kristin Halvorsen innvilga karakterreduksjon ved 11 vidaregåande skolar .


Mange søknader blei sendt på kort varsel og med tvilsom sakshandsaming. Mange “forsøksskolar” ser heilt klårt at “forsøka” er språkpolitisk initiert. T d har Akershus fylkeskommune først ville søke om “valfritt” sidemål etter “innbyggerinitiativ frå Unge Høyre”, deretter endra dei ønsket til å søke om “å være forsøksfylke for fritak fra separat vurdering i skriftlig sidemål” ( protokoll 20.06.2011 ) Fleire våkne skolar i Akershus sa nei til å vere med på dette Skedsmo vgs seier i protokoll 16/ 6 2011 at “Skedsmo vgs ønskjer ikkje at AFK skal søkje om å vere forsøksfylke for fritak frå separat vurdering i skriftlig sidemål “ Det seier m.a vidare: Skedsmo vgs ønskjer den vurderingsforma vi har i dag.” Andre skolar støttar fylkeskommunen. Rælingen vgs seier i protokoll 20.06 : “ Rælingen vgs støtter forslaget om å søke ” …om å være forsøksfylke for fritak fra separat vurdering i skriftlig sidemål”


Nynorsklaget har studert søknadene og det kan ikkje lenger vere tvil om at karakterforsøka skal brukast språkpolitisk til å redusere både undervisning og vurdering i nynorsk ( “ skriftlig sidemål ).
I Akershus har der vore stor strid om søknaden. Andre stader har slitne lærarar hoppa på karakterforsøka for å få redusert arbeidsbyrden ( les: rettebyrden ) Ved Ski vgs står det i protokollen frå 21 juni 2011 at “ Utdanningsforbundets representant trakk fram lærernes arbeidsbyrde i dette faget..”


Lærarane ved Nesodden vgs har derimot forstått at det Bøyum Bergen kallar “kvalitet” ikkje er det. Dei seier i protokoll av 17 juni 2011 at “ Partene frykter at felles karakter i skriftlig norsk i praksis vil bety at sidemålsopplæringen vil bli redusert. Dette kan medføre at elevene i vg3 får dårligere resultat i skriftlig sidemål. Slik sett vil Akershuselevene tape på dette i forhold til elever i andre fylker”

Nynorsklaget meiner også at norskfaget treng revisjon. Vi meiner det framleis er dei grunnleggjande ferdigheitene i skriftlig norsk ( nynorsk og bokmål) som må vere grunnpilarane i norskfaget og basis for å setje karaktar. Vi har ein språksituasjon her i landet som gjer at det gagnar norskopplæringa at kvart av dei to likestilte skriftspråka, nynorsk og bokmål får eigen karakter og eksamen. Omgrepa “sidemål “ og “hovudmål” bør fjernast i den vidaregåande skolen. Det ville tene likestillinga mellom målformene.


Timetalet i norsk bør reviderast. Det bør bli 4-5-5 , og ikkje 4-4-6. Bøyum - Bergen har eit godt poeng i at 4 timar gjer faget hektisk- også når det gjeld vurderingsarbeidet. Særlig for uerfarne og usikre lærarar. Enkelte læreplanmål bør bort. Alt dette kan vi drøfte, men det som må stå fast er at både bokmål og nynorsk skal ha eigen karakter og at eksamensordninga skal spegle dette.


Nynorsklaget er samd med Språkdirektør Muruvik Vonen når han i avisinnlegg seier at: “ Den overordnede målsettingen om at nynorsk og bokmål skal bli reelt likestilte i samfunnet” og “ Begge målformene bør synliggjøres på elevenes vitnemål .“