søndag 5. februar 2012

Nynorsk tidlegare for bokmålsungar

Vålands skole i Stavanger har arbeidd med nynorsk tidlegare enn andre ungar, og det gir resultat. Her ser du korfor gjennom ein filmsnutt frå skolen sitt opplegg for bokmålselevar.

Bokmålselevar er ikkje vaksinerte mot verken nynorsk eller kunnskap om nynorsk. Dei kan faktisk lære språket tidlegare enn ein gjør i dag.

Selektivt av Utdanningsdirektoratet

I samband med Kunnskapsminister Kristin Kalvorsens utspel om å kutte i krav til nynorskundervisning, har Nynorsklaget stussa over at Utdanningsdirektoratet er så selektive i sine val av forsøk som dei er.

Lise Lunde Nilsen og ei gruppe elevar på Våland skole i Stavanger har gjort eit forsøk på å bruke nynorsk meir aktivt og tidlegare i undervisninga  for bokmålselevar. Korleis kan ein  innføre sidemål alt i 2.-3.klasse, har dei spurt, i staden for å spørre korleis kutte nynorsk som sidemål.

Prosjektet har synt at det er enorme fordelar ved å bruke nynorsk tidlegare. Vi skal ikkje spekulere i korfor slike prosjekt verken er interessant å bruke politisk for Kristin Halvorsen, eller Forum for Norskfaget, sett ned av Utdanningsdirektoratet. Selektivt er det utan tvil.

onsdag 1. februar 2012

Kjartan Fløgstad: "Ikkje Amerika, men Amerika", Kristin Halvorsen

I samband med utspelet frå Kristin Halvorsen om at sidemålet må tonast ned i skolen, svarte forfattaren Kjartan Fløgstad kjapt i denne artikkelen i VG:


tirsdag 31. januar 2012

Utdanningsdirektoratet sin politiske prosess for å få bort nynorsk

Nynorsklaget har hatt eit auge med Utdanningsdirektoratet si handtering av forsøk med fritak frå sidemål i bokmålsskolar. Vi har sett eit mønster gjennom mange år, der direktoratet og departementet har nytte seg av forsøksordningar for å bane veg for dei tiltaka Kristin Clemet og namnesøster Halvorsen har proklamert i media. Her finn du rapporten vi publiserte i 2009 om korleis ein nytta forsøka som brekkstang for fritak for nynorsk som sidemålet. Kreativiteten kjenner ingen grenser, men målet har dei hatt felles Kristin og Kristin.

Kongsbakken videregående skole er en av skolene i Tromsø som har fått dispensasjon til å prøve ut Clemets/Halvorsens forslag om å justere ned krava til skriftleg nynorskopplæring. "Forsøka" der skulle brukast som grunnlag for politikken til departementet/direktoratet, som ikkje har fått noko av det evaluert på forsvarleg vis. Her finn du Kongsbakkens versjon av det dei held på med

Slå det fast: nynorsk er jamstelt skriftmål

Liv Ingebrigtsen meiner regjeringa må slå fast at nynorsken er jamstelt med bokmål
Regjeringa må slå fast at nynorsk er og skal vera jamstelt offisielt skriftmål og at nynorsk framleis skal ha eigen karakter og eigen eksamen for å sikra dette. Eigen eksamen og karakter har sikra nynorsken sidan 1907. Like lenge har Riksmålsforbundet og høgresida arbeidt for å få nynorsken ut or skulen og vekk, men har aldri lukkast med det.
No ligg det føre plan frå Utdanningsdirektoratet om redusert norskfag, som skal ut på høyring i eit år. Eit punkt i denne planen er at det  ikkje lenger skal vera eigen karakter i nynorsk.  Av di nynorsk er overordna politisk sak har aldri noko offisielt framlegg om norskfaget  hatt dette innhaldet. Det nye framlegget handlar om meir enn skule og er snikåtak på retten alle har til å læra norsk i dei formene som gjeld i landet. Blir det sett i verk, får det drastiske verknader for språktilstand og språklege rettar både for språklege fleirtal og mindretal. Regjeringa må slå fast at nynorsk skal vera offisielt jamstelt skriftmål og difor fag i skulen med eigen karakter og eksamen.
Liv Ingebrigtsen, leiar Nynorsklaget

tirsdag 6. september 2011

Norskforsøk på Kongsbakken svekkar nynorsken

http://www.itromso.no/nyheter/article419581.ece

Utdanningsdirektoratet sin forsøksverksemd

Utdanningsdirektoratet har gitt løyve til forsøk med fritak frå karakterar i nynorsk i den vidaregåande skolen.
Desse skolane har fått slikt fritak:
Rogaland:
1.       Sandnes videregående skole (søknad)
2.       St. Olav videregående skole (søknad)
3.       Vardafjell videregående skole (søknad)
4.       Hetland videregående skole (søknad)
5.       Bryne videregående skole (søknad)
Østfold:
1.       St. Olav videregående skole (søknad)
2.       Fredrik II videregående skole (søknad)
Oslo kommune:
1.       Ullern videregående skole (søknad)
Felles vedtaksbrev for Rogaland Oslo Østfold

Troms:
2.       Kongsbakken videregående skole (vidareføring av forsøk) (søknad + svaret frå Utdanningsdirektoratet)
Trøndelagsfylka:
3.       To søknader. (søknadane er ikkje ferdigbehandla så det er ikkje noko vedtak  i saka)
Akershus fylkeskommune:
4.       Søknad + Vedtak
I grunngjevingane bak søknadene er det mellom anna gitt anti-nynorskpolitiske grunngjevingar: Mellom anna heiter det i søknaden til skolane i Akershus:
"Bakgrunnen for søknaden er et innbyggerinitiativ fra Unge Høyre i Akershus. Utgangspunktet til
Unge Høyre var at sidemål (nynorsk) skulle gjøres valgfritt i videregående skole. Saken ble
fremmet i både hovedutvalg for utdanning og fylkestinget, og i vedtaket pålegges fylkesrådmannen
å søke om forsøk knyttet til vurdering i sidemål."

Leiar i Nynorsklaget meiner Utdanningsdirektoratet driv språkpolitikk mot nynorsk
Dette er berre ei stadfesting av kva Nynorsklaget har meint heile tida. Utspela om karakterreduskjonar er målpolitisk grunngjeve.